hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Lesarinnlegg i Firda

Aksjon Dalsfjordbrua hadde fylgjande lesarinnlegg på trykk i Firda nyleg.
Publisert 05.02.2008 av Rolf Kleiven

Dalsfjordbrua kjem!

-              HAFS har prioritert Dalsfjordbrua.

-              Fylkestinget har vedteke Dalsfjordsambandet med byggestart i 2009.

-              Samferdsleminister Liv Signe Navarsete har bede om at planarbeidet skal fullførast med sikte på byggestart i 2009.

-              Regionvegsjef Torpp innstilte i april 2007 på Dalsfjordbru i konsekvensutgreiinga.

-              Konsekvensutgreiinga er vedteken av kommunane Fjaler og Askvoll .

-              Planarbeidet er under fullføring av vegkontoret.

                -              Aksjon Dalsfjordbrua er ved godt mot.

 

Den nye vegdirektøren, Terje Moe Gustafsen, har valt å prioritere vedlikehald i framlegget til Nasjonal Transportplan. Dette har ført til spekulasjonar og dramatiske oppslag i media:  No skal det bli slutt på omtrent all nybygging både av veg og bane her i landet! Slik kjem det ikkje til å gå, for dette skal no behandlast av politikarane, og vi vil sjå dei politiske parti som vågar å stoppe opp og utsetje i lang tid så mange viktige vegprosjekt – for ikkje å snakke om rassikring – og det rett før eit stortingsval.

Vi skjønar godt at vegvesenet vil ha pengar til vedlikehald og utbetring av vegar. Det vil vi òg, men det er forskjell på å barbere seg og å skjere hovudet av seg. Dette forslaget grensar mot det siste. Forslaget vil jo også ramme oss som bur på kysten dobbelt urettferdig. Vi har så lite vegar at vi nesten ikkje vil få vedlikehaldsmidlar i det heile.

Skulle forslaget bli vedteke slik det no ligg føre, ville det vere ei katastrofe, ikkje berre for Hafs-området og for kysten, men for heile Sogn og Fjordane.

Når Hafs går tilbake med 1700 innbyggjarar på 15 år, og resten av kysten har same tendensen, så er det ei sak for heile fylket vårt. Dette er dessverre ikkje utelukkande folk som flytter  til Førde, det er i mykje større grad ungdom som hamnar i Bergen og Oslo, fordi dei der får jobbar som passar dei. Og fordi dei ikkje orkar den smålege kranglinga og stadige mobbinga av t.d. Dalsfjordsambandet som lokalavisene prøver å lage seg eit levebrød av. Desse ungdommane skjønar betre enn somme redaktørar at vi lever i ei tid og under omstende som krev eit minimum av samhald om ein del livsviktige saker, ikkje minst vegsaker, for at vi i det heile skal overleve som samfunn. Eit fråflytta Hafs kjem til å merkast også i Firda sine redaksjonslokale.

Eit godt tips til Firda kan vere å følgje sitt eige gode råd i leiar nyleg: Vi må stå samla for å få utvikling i fylket vårt. Spesielt må dette vere avgjerande i saker som for lengst er vedtekne politisk i fylket med stort fleirtal og har adresse mot sentrale styresmakter.

Men Hafs kjem til å bestå, og Dalsfjordbrua kjem. Det gjer også Bremangersambandet, Ytre Steinsund, Atløysambandet og Olden-Innvik. Heilt nødvendige prosjekt for å kunne utnytte dei store ressursanefylket vårt har, og snu folketalsutviklinga.

Vi er i same båt. Dette er eit perspektiv vi må greie å halde fast ved, skal vi ha ein sjanse i konkurransen  om dei nasjonale vegpengane. Historia bør ha lært oss  at vi må stå saman og krevje retten vår. Då vil  vi også få gjennomslag. Forslaget frå byråkratane til Nasjonal Transportplan må endrast. Det må og meir pengar inn i potten.

Vi  må få gjennomført vegprosjekta våre etter den opphavelege planen. Dette hastar for å få utløyst den regionale utviklinga i Hafs vegkontoret beskriv i konsekvensutgreiinga for Dalsfjordbrua, og som nokre lokale redaktørar tydelegvis ikkje har kjennskap til.

 

                                               Aksjon Dalsfjordbrua

Rolf Losnegård, Johnny Søreide, Torodd Helle, Tor Egil Furevikstrand, Norman Vik, Reidar Fristad og Rolf Kleiven.

 

 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406917