hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Vellukka brufest

Laurdag 28. oktober gjekk den årlege brufesten av stabelen. Tonen på festen var optimistisk og stemninga var god - og den nye filmen vart teken godt imot.
Publisert 01.11.2006 av Tor Egil Furevikstrand

Kring 90 menneske var samla på Aksvoll Fjordhotell denne laurdagen. Alle ventar dei på Dalsfjordbrua, men denne kvelden venta dei mest på å få sjå den nye nettsida og den nye filmen som Aksjon Dalsfjordbrua står bak. Dei frammøte fekk sjå premiera på både nettsida og filmen, og tilbakemeldingane har vore positive: Brukampen har fått eit nytt, viktig verkty.

Festen var elles prega av optimisme og engasjement, og deltakarane kunne kose seg med god mat, musikkinnslag og talar. I tillegg vart det debatt, og under dette ordskiftet fekk aksjonskomiteen mange gode innspel.

Takk til dei frammøtte og til Askvoll Fjordhotell for god service.     

PS! Filmen hadde førpremiere på Fjaler-treffet i Bergen fredag 27. oktober. 80 ungdommar tok vel imot filmen, og vi får håpe at han kan skape grobotnen for framtidsvon i HAFS hjå desse.

Sist endra 11.02.2006

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
433170