hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Informativt og humørfylt folkemøte

Tysdag kveld inviterte vegkontoret til folkemøte i Dale om nyleg utlagt reguleringsplan over heile sambandet inkludert bru.
Publisert 13.02.2008 av Rolf Kleiven

Heile 150 dalsfjordingar frå begge sider av fjorden møtte opp.
Etter opning ved ordførar Arve Helle, tok Leif Arne Skaar over med si
fantastiske stemme og framførte " Bridge over trouble water" til
stor applaus.

Deretter tok vegkontoret med Gunnar Søderhom, Gun-Mari Ødegård og Malene
Røysum over med informasjon om arbeidet med reguleringsplanen. Dette gjer vegkontoret på ein veldig profesjonell måte.

Viktige punkt:
-Vegkontoret innstiller på skråstagsbrua som og er det billegaste
alternativet.
-Kostnaden på sambandet er no 760 mill kroner, noko vegkontoret seier er
mindre auke enn andre prosjekt ( var 709 mill kr for eitt år sidan). Det
meste av auken er generell prisauke og auka krav til tryggleik i tunnelar.
- Vegkontoret ligg er i rute med planarbeidet for lova oppstart i 2009.

Etter informasjonen var det pause der det vart servert brubollar og god
ferjekaffe.

Andre økta starta med filmen om Dalsfjordbrua som Aksjon Dalsfjordbrua har
laga før det vart opna for spørsmål frå salen.

Alle spørsmåla gjekk til vegkontoret sine folk og det var sjølvsagt mest
spørsmål frå berørte grunneigarar. Desse spørsmåla vert høve til å utdjupe når vegkontoret har kontordagar 3. og 4. mars i Dale og Askvoll ( sjå annonsering).

Møtet vart leia av ordførar Arve Helle i storslag som med humør og
optimisme leia forsamlinga gjennom kvelden.

Det var elles mange av dei oppmøtte som kommenterte kvifor Firda nok ein
gong ( 3. gong) ikkje stiller på eit folkemøte om ei sak dei meiner veldig
mykje om elles .


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413680