hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Liv Signe: - Byggestart for brua er 2009

- Ingen ting er endra. Byggestart for Dalsfjordbrua er 2009, fastslår samferdsleminister Liv Signe Navarsete.
Publisert 29.02.2008 av Rolf Kleiven

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete lovar nok ein gong oppstart for Dalsfjordbrua i 2009. På årsmøtet i Senterpartiet i Sogn og Fjordane fredag, kom ho med følgjande klokkarklare melding:
 
- Ingenting er endra. Dalsfjordbrua skal byggast i 2009.
 
Seinare på dagen stadfestar ein engasjert samferdsleminister dette på radio. Navarsete understrekar vidare at Dalsfjordbrua er ein føresetnad for å utvikle Hafs-regionen. Ho ber fylket stå samla om prioriteringane fylkestinget har gjort i Nasjonal Transportplan.
 
Innlegget hennar får også full støtte av leiaren i samferdsleutvalet i fylket, Knut M. Olsen.
 
Aksjon Dalsfjordbrua vil nytte høvet til å gratulere folket i Hafs med eit nytt steg mot framtida.
 
Vi kjem attende til meir om saka.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
394114