hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

FINANSIERING AV DALSFJORDBRUA

Alle vedtak vedrørande bygging av Dalsfjordbrua er på plass.
Publisert 20.05.2008 av Rolf Kleiven



Den vidare kampen er som alle veit å få prosjektet inn i budsjetta og med startløyving i 2009.Dette er lova mange gonger av politikarar og ikkje minst statsråd Liv Signe Navarsete. Dette betyr at vi i aksjonskomiteen og folket i Hafs ser fram til statbudsjettet som vert lagt fram i oktober.

Som tidlegare nemnt her på nettsida har vi no eit samarbeid med Fosnes kommune for å be styresmaktene sjå på ferjeavløysingsprinsippet. Fosnes kommune og Fjaler kommune skal i nær framtid møte depatement og statsråd om denne saka som ei oppfølging av det vi har gjort tidlegare.
Viser til oppslag i Namdalsavisa om saka:

Les artikkel i Namdalsavisa her: "Ulogiske regler bør straks endres"


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406907