hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Viktig møte i Oslo

Møte med statsekretær Hege Solbakken m. fl. i samferdsledepartementet tysdag 5. august.
Publisert 18.08.2008 av Rolf Kleiven

Ordførar Arve Helle og underteikna i samarbeid med Fosnes kommune ( representert med ordførar Bjørg Tingstad, fylkesråd for samferdsle i Nord-Trøndelag Tor Erik Jensen og tidlegare samferdsleminister Johan J. Jacobsen ) møtte tysdag 5. august statssekretær Hege Solbakken i Oslo. I tillegg møtte vi representantar frå departement og vegdirektorat.


Tema for møtet var dei 2 prosjekta våre, Dalsfjordbrua og Jøabrua, spesielt m. o. t. ferjeavløysingsprinsippet. Dette prinsippet er no under politisk handsaming og utfallet av denne prosessen er viktig for finansieringa av prosjekta våre.

Møtet vart helde i ein god tone, og vi trur det er avgjerande at arbeidet framover vert konsentrert mot sentrale myndigheiter som både kvalitetssikrar planarbeidet og ikkje minst sit på pengesekken.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
398660