hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Viktige vegpolitikarar til Askvoll og Fjaler

Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite ( tidlegare samferdslekomite) til Dale og Askvoll 31. oktober.
Publisert 18.08.2008 av Rolf Kleiven

Nasjonal transportplan for dei neste åra skal handsamast i Stortinget i desember. Avgjerande her er kva innstillingar som transport- og kommunikasjonskomiteen kjem fram til. Difor er det med glede vi her i Dalsfjorden registrere at komiteen har bede om å få reise til Dale og Askvoll fredag 31. oktober i den avgjerande beslutningsfasen.

 

Tema vert sjølvsagt Dalsfjordbrua, men også Bremangersambandet og Kystvegen står på programmet.

 

Etter møtet vil komiteen under lunsjen på Transplant får utmerka utsikt til Dalsfjordbrua.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406664