hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

FULL STØTTE FRÅ FIRDA

Det er med glede Aksjon Dalsfjordbrua og folket i HAFS registrerer at Firda sin leiar mandag 18. september skriv FOR Dalsfjordsambandet og manar til samhald. Her er leiaren som stod på trykk i Firda.
Publisert 19.08.2008 av Rolf Kleiven

Vegpress på dei folkevalde

 

VEGAR OG SAMFERDSLE kjem til å stå sentralt i neste års valkamp og i innspurten med ny nasjonal Transportplan. Den raudgrøne regjeringa har gjort litt, men altfor lite: Prisauken et opp i utgangspunktet altfor små løyvingar, og slik utviklinga går, vil det ta fleire tiår å ruste opp eksisterande vegnett. Då vil mange naudsynte vegsamband måtte bli skubba langt ut i tid.


NÅR KRUBBA ER TOM, bitest som kjent hestane, og når vegløyvingane ligg på eit minimumsnivå, kjem mange konfliktar til overflata. Siste døme på dette er krav om at pengane til Dalsfjordsambandet heller bør brukast til trafikksikring andre stader. Vi er gjerne med på aukte løyvingar til trafikktryggleik, men forstår ikkje at akkurat dette sambandet skal ofrast.


SAMFERDSLESTATSRÅD Liv Signe Navarsete vil bli møtt med klare krav om kystveg når ho kjem til Florø 10. oktober, og også alle andre politiske parti vil merke eit auka press frå fylker, kommunar, næringsliv og veljarar fram mot valet. Når alle er samde om at totalramma til vegar er for liten, bør ein arbeide for å utvide ramma, i staden for å setje krokfot på kvarandre og av egoistiske grunnar prøve å sabotere nyttige og framtidsretta prosjekt andre stader. Vi reknar derfor med at vegpresset på dei sentralt plasserte folkevalde vil auke fram mot neste val.


DEI HEILSKAPLEGE planane om ein ytre kystveg som ordførarane i kystkommunane mellom Bergen og Ålesund har lansert, bør heller ha styrka Dalsfjordsambandet, og det er uansett totalt usakleg å plukke ut eit spesielt prosjekt til budsjettmessig prugelknabe. Pengane til trafikksikring finst uansett, og ein kunne liksågodt ha plukka ut nye Holmenkollen, som vil koste langt meir enn Dalsfjordbrua, og seie at desse pengane skal gå til trafikksikring i staden for hoppbakke.


SAKA ER AT dei vegsambanda som toppar prioriteringslistene rundt om i fylka, er naudsynte og gode framtidsinvesteringar for oljerike Noreg. No bør det leggjast press på sentrale politiske styresmakter for å auke den statlege innsatsen, som langt frå er imponerande: Nye veganlegg blir betalt av bilistane sjølve, medan Staten tek inn meir i moms enn dei betaler for nye vegar.

 

 

                            __________________________

 

                              Når ramma er for liten, bør

                            ein utvide ramma, i staden for

                            å setje krokfot på kvarandre

                            __________________________


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406954