hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Sentrale politikarar til Askvoll og Dale

Transport- og kommunikasjonskomiteen kjem til Askvoll og Dale fredag 31. oktober.
Publisert 22.10.2008 av Rolf Kleiven

Programmet er ikkje heilt klart, men hovudlinjene er møte med dei i Askvoll før dei tek ferja Eikenes-Dale og avsluttar med lunsj på Transplant. I løpet av dette opphaldet vil komiteen få god informasjon om Bremangersambandet, Dalsfjordsambandet og Kystvegen generelt. Dette er eit viktig møte for å fylgje opp statsråd Liv Signe Navarsete sitt statsbudsjett og før Nasjonal Transportplan skal handsamast i Stortinget i desember. Sentral i informasjonen vert ordførar Arve Helle, Fjaler kommune, som no er regionsleiar i Hafs. Med han vert sjølvsagt alle ordførarane i regionen.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
402527