hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

BRUFEST I ASKVOLL LAURDAG 15. NOVEMBER

Laurdag 15. november vert den årlege brufesten arrangert i Askvoll, Askvoll Fjordhotell.
Publisert 01.11.2008 av Rolf Kleiven

Denne festen har dei siste åra samla over 100 menneske og i år
trur vi det vert rekord. Alle er hjarteleg velkomne og underteikna vil
gjerne dette året spesielt få invitere ungdommen til å ta seg ein fest
saman med oss opp i åra.

19.00-20.00: Informasjon om Dalsfjordsambandet

20.00: Julebord m/ god og byggande kultur

og etterpå er det dans.

Vi frå sørsida reiser ut med ferja kl 1735, vert ordna med skyss frå
Eikenes.
Retur med buss kl 0200 til Eikenes og skyssbåt til Dale.

Pris kr 395,00

Påmelding direkte til Askvoll Fjordhotell snarast råd

telefon: 57733535


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
392463